Runa Kvalsund er folkesongar, låtskrivar og pedagog frå Trondheim, utdanna frå Noregs musikkhøgskule. Ho jobbar mest med materiale frå Trøndelag og Møre og Romsdal, og syng både solo og saman med andre songarar og instrumentalistar. Repertoaret er variert, og spenner seg frå reint tradisjonsstoff til folkemusikk i samspel med andre sjangrar som jazz, rock og viser til pedagogisk materiale. Ho er arkivformidlar i FolkArkiv Trøndelag under Norsk senter for folkemusikk og folkedans og folkesonginstruktør i Unge folkemusikere i Oslo.
